MENY

Ein skule som «bryr seg»

Fitjar vidaregåande skule scorar jamleg høgt på «Elevundersøkelsen», og dei tilsette er særleg opptekne av å sjå elevane sine. – Likevel er det alltid rom for forbetring, svarar rektor Leif Helge Engelsen på spørsmål om kvifor han meldte skulen sin med på «Bry deg».

Bildet viser rektor Leif Helge Engelsen ved Fitjar vgs. Rektor Leif Helge Engelsen er nøgd med at Fitjar vgs er med i "Bry deg".

Med tiltaket «Bry deg» ynskjer Læringsmiljøsenteret å imøtekome behovet for kunnskap om handtering av mobbing ute på skulane. I tillegg skal tiltaket gje skulane meir kunnskap om korleis ein kan etablere trygge og gode læringsmiljø.

Jobbar meir målretta

«Bry deg» er eit nytt tiltak frå Læringsmiljøsenteret som vert tilbydd til skular som ynskjer å jobbe med læringsmiljøet. Tiltaket vert delvis finansiert gjennom midlar iutlyst av Utdanningsdirektoratet. Førebels er det 17 skular som er med i piloten, deriblant Fitjar vidaregåande skule som den einaste vidaregåande skulen. Fitjar vgs scorar jamleg høgt på «Elevundersøkelsen», og dei tilsette ved skulen rapporterer om høg trivsel på jobb.

Rektor Engelsen melder om at det er mange tiltak som allereie har vorte sette i gang  for å utvikle læringsmiljøet ved skulen. Mellom anna legg lærarane stor vekt på å ta elevane med på planlegging, gjennomføring og evaluering av undervisninga. På den måten får elevane stor innverknad på læringa si.

- Vi er ein utviklingsorientert skule med eit generelt godt læringsmiljø der elevane opplever at dei er velkomne og at dei vaksne ved skulen er opptekne av korleis dei trivst. Men vi kan alltid bli betre, og vi ser nytteverdien av å vere med på eksterne prosjekt som dette. Vi opplever at vi jobbar meir målretta og systematisk for å nå måla våre når vi er med i «Bry deg». Det er også svært motiverande å få inn dyktige, eksterne vegleiarar som kan gje oss fagleg påfyll, seier Engelsen.

Korleis stoppe mobbing?

Denne veka vitja førstelektor Janne Støen og førsteamanuensis Johannes Finne ved Læringsmiljøsenteret skulen for å gå igjennom ståstadsanalysen og implementeringsplanen saman med skulen si arbeidsgruppe, og for å leie ein fagdag for personalet om mobbinga sin psykologi og korleis ein kan stoppe mobbing. På førehand hadde arbeidsgruppa gjennomført ein ståstadsanalyse og identifisert sterke og svake sider i organisasjonen som dei skal arbeide vidare med.

I løpet av det neste året skal dei tilsette ved Fitjar vidaregåande skule få trene seg i korleis dei kan avdekke og stoppe mobbing. I tillegg skal skulen setje i gang fleire tiltak for å jobbe med å utvikle læringsmiljøet ved skulen. Eit av desse er å gjennomføre SPEKTER-analysen. Spekter er eit ikkje-anonymt verktøy for lærarar, som nyttast til å avdekke mobbing og kartleggje læringsmiljøet i ein skuleklasse. Under fagdagen denne veka, beslutta Engelsen at SPEKTER skal gjennomførast på vg1 og vg2 på skulen.

- Vi har gjort mykje bra når det kjem til læringsmiljøet ved skulen, men vi trur eit slikt verktøy vil vera eit godt hjelpemiddel i arbeidet vi legg ned på skulen for å avdekke mobbing, og som også kan lette kvardagen for lærarane, seier Engelsen.
 

Tekst og foto: Maria Gilje Strand