MENY

Eit finsk blikk på utdanningsforsking

Stipendiat Maren Stahl Lerang har vore på utanlandsopphald ved Universitetet i Jyväskylä dette semesteret. – Det har vore interessant å få eit innblikk i det finske perspektivet på utdanningsforsking, seier ho.

Biletet syner Maren Stahl Lerang ved eit gateskilt med Maren Stahl Lerang er i Jyväskylä, som er Stavanger sin venskapsby.

Finland er kjent for å vere god på utdanning, og dei finske elevane gjer det generelt svært godt på PISA-testen. Universitetet i Jyväskylä er eit av fleire universitet som i stor grad satsar på lærarutdanning, og i 2019 hamna det på 39. plass på rankinga over lærarutdanningar med god kvalitet verda over. I haust reiste Maren Stahl Lerang på utanlandsopphald ved Department of Teacher Education ved Universitetet i Jyväskylä som ein del av sitt doktorgradsarbeid.

- Det har vore eit spanande semester. Eg tykkjer det er interessant å sjå korleis andre innan same utdanningsgrein arbeider, seier ho.

Les om Marens doktorgradsarbeid her: Individuelle og kollektive forskjeller ved læreres læringsstøtte

Godt samarbeid over tid

Universitetet i Jyväskylä er kjent for å vere heimen til den første finskspråklege lærarutdanningshøgskulen som vart grunnlagt i 1863, og byen Jyväskylä er ifølge Stahl Lerang sjølve kroneksempelet på ein skikkeleg universitetsby. Stipendiaten er på besøk hjå forskarteamet til Marja-Kristiina Lerkkanen og Tuomo Virtanen, som er tilknytt Læringsmiljøsenteret.

- Eg vart spesielt godt kjend med Tuomo då han hadde eit utanlandsopphald hjå oss på Læringsmiljøsenteret i 2017. Så eg vurderte allereie då Jyväskylä som eit mogleg mål dersom eg skulle på utanlandsopphald. I tillegg har det vore eit godt samarbeid mellom Læringsmiljøsenteret og Universitetet i Jyväskylä over fleire år, så det kjentest riktig å reise dit, seier ho.

Forskingsgruppa ho har besøkt, nyttar CLASS i si forsking i likskap med Læringsmiljøsenteret. Stipendiaten tykkjer det har vore interessant å sjå korleis dei nytter denne manualen i forskinga si. 

Fått mykje ut av opphaldet

Sjølv om har trivest godt på utanlandsopphald ved det finske universitetet, har ho lagt merke til at det er nokre kulturskilnader.

- Finnane er generelt svært hardtarbeidande, og dei verkar til å vere på arbeid døgeret rundt. Stipendiatane er heller ikkje tilsette som får løn – dei må søke stipend for eitt år om gongen. Likevel klarar universitetet å rekruttere svært dyktige og dedikerte stipendiatar, seier ho og legg til at ho er takksam for det norske systemet for ph.d-ane. 

Stipendiaten fortel at det har kome mykje ut av opphaldet. Blant anna har ho fått moglegheit til å prioritere doktorgradsarbeidet sitt, og ho er snart ferdig med å skrive sin første vitskaplege artikkel. I dette arbeidet har ho samarbeida med Tuomo, som har hjulpe henne med analysearbeidet. Artikkelen skal sendast inn til tidsskriftet Educational Psychology før jul.

- Med pliktarbeid, møteverksemd og andre ting som følgjer med i ein ph.d-stilling, så kan fort sjølve ph.d.-en i seg sjølv kome i andre rekke. Det var godt å gje arbeidet mitt fullt fokus, og eg tykkjer verkeleg at eg har fått framgang den siste tida. Det kjennes godt, seier ho.

- Saknar Stavanger

Stipendiaten trivst i den vesle byen der det er godt tilrettelagt for å vere ute i naturen, men ho innrømmer at det er mykje ho saknar med heimbyen Stavanger.

- Eg saknar spesielt den kulturelle biten. Finsk er som gresk for meg, så eg kan jo ikkje gå på teater eller debattar som er døme på ting eg likar å gjere heime, seier ho.

Men på den andre sida, så har det blitt meir tid til å prøve ut nye ting som den finske saunaen, ishockey og karaoke.

- Finnane er veldig glade i sauna og karaoke, så det har blitt mykje av det, seier ho og ler.

- I tillegg har eg fått med meg ein skikkelig finsk ishockey-kamp. Det var stas.


Tekst: Maria Gilje Strand
Foto: Privat