MENY

Leik eller læring i barnehagen, eller ja takk begge deler?

Då FILIORUM inviterte til debatt under Arendalsveka var eit sentralt spørsmål: Kva skal vektleggas i barnehagen, leik eller læring, og kvifor?

  • Ingunn Størken og Elin Reikerås
  • Anne Lindboe
  • Arendalsuka-69.jpg (rw_largeArt_1201).jpg

Når mykje tyder på at leik og læring i ein trygg og god barnehage er viktig både for barns trivsel og utvikling her og nå, og for læring på skulen – kvifor er då ord og omgrep knytt til læring i barnehagen så vanskeleg?

Professor Elin Reikerås (FILIORUM - Senter for barnehageforsking) innleia debatten med å presentere Stavangerprosjektet, som ho har leia.

I samarbeidsprosjektet mellom Universitetet i Stavanger og Stavanger kommune har forskarane følgd over 1000 barns utvikling frå dei var 2 ½ år til dei var 10 år. Prosjektet har sett på samanhengar mellom barns språk, matematikk, motorikk og sosial kompetanse i barnehagealder (2 ½ år og 4 ½ år) og lesing, skriving og rekning i skulealder (2. og 5. trinn).

– Resultata våre viser at 88 % av dei aller yngste, som har eit sterkt språk, leikar med andre barn. Langt færre av dei som har eit svakt språk deltar i leiken. Det er med andre ord heilt nødvendig å ha eit godt språk for å få delta i leiken, fortalte Reikerås.

Prosjektresultata peikar også på at dei som er svake i leik også er svake i matematikk. Tilsvarande samanheng finn forskarane mellom motorikk og matematikk. Har eit barn god motorikk er sjansane gode for at vedkommande også er sterk i matematikk. Resultata viser at funna frå barnehagen held seg når barna vart kartlagt i 2. og 5. klasse.

– Vi veit ikkje kva som kjem først, men alt tyder på at utvikling av språk, motorikk, matematikk og sosiale ferdigheter er tett knytt saman. Det betyr at barnehagane bør jobbe heilskapleg med desse tinga, noko som passar godt med føringane som ligg i rammeplanen for barnehagane, meiner Reikerås. 

Ho er tydeleg på at leik fører til læring.

– Samstundes fører læring til leik. Det må sjølvsagt leggast opp på barna sine premisser, og tilpassast aldersgruppa, sa Reikerås.

Den norske modellen

Professor Ingunn Størksen er leiar i FILIORUM og nett tilbake frå eit års forskingsopphald i USA. Der har ho sett tydelegare enn nokon gong kor store forskjellane er mellom norske og amerikanske barnehagar.

– Lekbasert læring passer godt med den norske barnehagetradisjonen, meiner ho.

Saman med Mari Rege leiar ho Agderprosjektet, eit stort forskings- og utviklingsprosjekt som har tatt sikte på å finne ut kva som er viktig innhald for femåringane i barnehagen.

– I den fyrste studia så vi på sjølvregulering, matematikk og språk i tidlig alder, og om det varierer ut frå kva barnehage barna går i. Metodisk har vi kontrollert for variablar knytt til foreldra sin bakgrunn, og då sit vi att med at noko ved barnhagane gir forskjellar i barns gjennomsnittlege læring i desse barnehagane. Då må vi tillate oss å stille oss spørsmålet om det skal vere eit lotteri om kva barnehage barn hamnar i? Og kan vi gjere noko for å jamne ut desse forskjellane? spurte Størksen seg.

– I Agderprosjektet utvikla og testa vi eit opplegg for lekbasert læring, mynta på dei eldste ungane i barnehagen. Dette har vi gjort saman med barnehagelærarar i 72 barnehagar. Målet har vore å sikre eit likare og betre læringsgrunnlag ved skulestart. No viser resultata frå utprøving av dette at ungane som hadde eit systematisk Lekbasert læring-opplegg i barnehagen gjorde det betre rett etter opplegget er ferdig, og til og med etter at dei hadde gått eit år på skulen utan noko spesielt opplegg, sa Størksen.

Effekten av opplegget var spesielt stor for barnehagar med lite læring frå før.

Frå oppbevaring til eigen verdi

Til å styre debatten var Anne Lindboe, direktør i Private Barnehagers Landsforbund og tidlegare barneombod invitert inn.

– Barnehagane har fått ein god plass i oppveksten til norske barn i dag , og har gått frå å handle om oppbevaring av barn til å ha ein eigen verdi. Vi ser likevel ofte at debatten handlar ofte om rammeplan og ressursar, mens kvalitetsdebatten druknar litt. Det er interessekonfliktar, men er dei reelle, eller er dei konstruerte? undra ho seg.

Størksen trur kanskje noko av grunnen til debatten er ei misoppfatning om at forskarane er ute etter ein instruksjons-situasjon i barnehagen.

– Det vil vi absolutt ikkje, og det veit vi at praksisfeltet heller ikkje er interessert i. Men vi trur at det er mykje å hente på leik med innslag av rettleiing, der den vaksne støttar opp om barnas leik og legg til rette for læring gjennom leiken, sa ho. 

Blant publikum var det fleire som peika på at balansen mellom leik og læring er eit dilemma, kva skal vektleggast mest? Om vi ser på FN sin barnekonvensjon, er det slik at opplegg for lekbasert læring truar barn sin rett til eigeninitiert leik?

Reikerås er oppteken av at det er viktig jobbe å finne balansen.

– Vi må ta inn over oss at det er ein del barn som ikkje får vere med i leiken. Det er ikkje sant at så lenge ungane får gjere som dei vil, så har dei det bra! Men, sjølvsagt skal ungane få leik og ha fri leik! Når det er sagt kan vi sjå på om overgangen frå barnehagen til klasserommet i 1. klasse er god. 6-årsreformen har slått annleis ut enn det nokon hadde tenkt, og det blir eit unaturleg skilje mellom barnehage og skule, sa Reikerås.

Overgangen frå barnehage til skule

Diskusjonen om førsteklassingane og overgangen mellom barnehage og skule er blitt aktualisert. Korleis ønsker vi å innrette barnehagen og dei lågaste skuletrinna?

Lindboe peika på at det er viktig å bruke kroppen for å lære. 

– Samanhengen mellom fysisk aktivitet og læring blir ikkje borte når ungane blir seks år og byrjar på skulen, sa ho.

– Når SFOar og skular tar kontakt med oss for å spørje om dei kan bruke opplegget vårt for lekbasert læring, seier vi sjølvsagt ja, fortalte Størksen. Vi vil gjerne ha meir barnehage inn i skulen!

Ho er oppteken av vidare utvikling av barnehagesektoren må bygge på forsking, og viser til at nyare internasjonal forsking understøttar den norske modellen, med ein jamt over god balanse mellom fri leik og tilrettelagte aktivitetar.

– Vi høyrer at de er redd for at barnehagelæraren sin autonomi skal svekkast. Opplegget vårt for lekbasert læring er utvikla saman med barnehagar og dei som jobbar der. Vi har sett korleis dei har tilpassa opplegget og tatt eigarskap til det. Det er veldig viktig, og slik må det vere!

Lindboe trakk ein parallell til medisin, og peika på korleis overlevinga for ulike typar kreft har auka kraftig dei siste tiåra etter kvart som ein har fått på plass protokollar for kreftbehandling, og utviklar desse jamleg i tråd med ny forsking.

– Det er et viktig og interessant funn at det er så store forskjellar i læring mellom barnehagane, og tilfeldigheitane som ligg i det. Men foreldre har ikkje noko grunnlag for å velje ein «god barnehage».  Spørsmålet blir korleis vi kan utjamne desse forskjellane, og då er mellom anna tillit til forskingsresultat viktig.

Fagleg konflikt eller interessekofflikt?

– Til sjuande slutt handlar det om kva vi vil at barnehagen skal vere. Den nordiske barnehagen haustar mykje skryt internasjonalt. Både med tanke på metode og omfang. Ein del i Noreg ser likevel lekbasert læring som eit brot med denne modellen, mens barnehagalærarane som deltok syntes teorigrunnlaget for prosjektet passer bra, sa Størksen.

– Vi må kunne seie «Ja takk, begge deler!» Ungane skal ha det kjempebra her og nå, men vi skal ha eit blikk framover for å sikre at vi legg eit grunnlag for framtida, sa Reikerås. 

Avslutningsvis peika Anne Lindbo på at det er fint med diskusjon og ulike tankar og meingar.

– Hjarta våre bankar for barnehagen, og det gir gode moglegheiter for framtida. Eg ser fram til gode diskusjonar om kvalitet i barnehagen framover!

Leik er også eit sentralt tema når FILIORUM arrangerer Norsk barnehageforskingskonferanse 2019  i oktober.

Tekst: Anja Kristin Bakken
Bilder: Mari Hult