MENY

Sigrun K. Ertesvåg med bidrag i antologi om likeverdig opplæring i svensk skole

– Ein kan vere langt unna å nå målet om likeverdig opplæring om ein ikkje også ser på kvaliteten av undervisninga i det enkelte klasseromet, skriv professor Sigrun K. Ertesvåg i ein antologi om ein meir likeverdig skole i Sverige, som blei presentert i Stockholm 15. februar.

Sigrun K. Ertesvåg med bidrag i antologi om likeverdig opplæring i svensk skole. Sigrun K. Ertesvåg med bidrag i antologi om likeverdig opplæring i svensk skole.

Ertesvåg er med i ei ekspertgruppe beståande av nordiske forskarar som etter invitasjon frå Expertgruppen for studier i öffentlig ekonomi (ESO) har gitt kvar sitt bidrag til ein antologi om ein meir likeverdig skule i Sverige. I kapitelet «Leiarskap i klasseromet, ein nøkkel til likeverdig opplæring» ser Ertesvåg nærare på læraren sitt leiarskap i klasseromet og betydinga dette har for læringsutbyttet for elevane.

Leiarskap i klasseromet – ei ny vinkling
Ertesvåg meiner det er interessant at ESO har invitert til å bidra til antologien med eit kapitel om leiarskap i klasseromet og peiker på at dei med det går utover dei områda ein vanlegvis ser på når ein drøftar lik opplæring for alle elevar.

– Ei utfordring eg har peikt på i mitt kapitel er at sjølv om ein løyser utfordringar knytt til skulen eller elevane, vil det framleis ikkje vere lik opplæring for alle elevar. Årsaka er at det ikkje berre er skilnadar mellom skular eller mellom elevane sine føresetnadar. Det er og store skilnadar i kvaliteten i undervisninga mellom klasserom, også mellom klasserom innan same skole.

Like utfordringar til nabolandet
Ertesvåg seier at utfordringar knytt til likeverdig opplæring har stor likskap mellom Noreg og Sverige. – Vi har mykje dei same utfordringane til skilnadar i undervisningskvalitet sjølv om vi har hatt stort fokus på leiarskap i klasseromet dei siste par tiåra, seier ho og tar med at utfordringane kan vere noko mindre utan at ein veit det sikkert.

 – Vi veit det er skilnadar på bakgrunn av studiar i CIESL-prosjektet, men og på bakgrunn av andre si forsking. I Sverige har ein derimot ein langt større del private skular enn vi har, og privat opp mot offentleg skule er ein viktigare del av diskusjonen kring likeverdig opplæring der enn hos oss, tilføyer ho.

Viktig med utjamning av skilnader
Vidare i bidraget ser Ertesvåg på eit av dei viktigaste tiltaka for å endre skilnadane. – Eit viktig tiltak er å styrke leiarskapet i klasseromet. Det er eit område ein i Sverige har hatt mykje mindre fokus på enn vi har i Noreg, seier ho.

Godt leiarskap i alle klasserom er nøkkelen til likeverdig opplæring i klasseromet, men langt frå heile løysinga, framhevar Ertesvåg. – Poenget er ikkje å få meir likeverdig opplæring i klasseromet, men at ein utjamnar skilnadane i undervisningskvalitet mellom klasseromma. Men godt leiarskap er nok ein føresetnad for at til dømes tiltak for å utjamne forskjellar mellom elevar med ulike bakgrunn får full effekt, avsluttar ho.

15. februar blei det arrangert eit seminar med same tema i Stockholm, der antologien blei presentert. Her kan du lese meir og sjå video frå seminaret.