MENY

Forskningdesign i CIESL-prosjektet

CIESL-prosjektet har eit mixed-methods design og det vil såleis nytta ulike tilnærmingar for å belyse forskingsspørsmåla i studien.

Collage med diagramer og bilde av en dataskjerm.

Studien har tre parallelle aspekt:

Effektstudien undersøkjer om lærarar  og elevar opplever endring i ulike sider ved klasseleiing og ved elevane si faglege og sosiale læring gjennom intervensjonsperioden, og om det er nokon samanheng mellom endring hos lærarane og hos elevar.

Effektstudien omfattar spørjeskjema til alle elevar på ungdomstrinnet og lærarar på skulane som deltek. Mange av skulane med ungdomstrinn har 1.-10. trinn og ved desse skulane har vi opna for å innlemme elevar frå 5.-10. trinn ettersom heile skulen vanlegvis deltek i Ungdomstrinn i utvikling.
Elevar på dei yngste trinna er ikkje med ettersom spørjeskjemaet som er nytta i prosjektet vil vere vanskeleg å svare på dei yngste elevane. I tillegg til at utvalde skular som deltek i den nasjonale satsinga Ungdomstrinn i utvikling, og har klasseleiing som fordjuping inngår i effektstudien, er ei gruppe skular som ikkje deltek innlemma i denne delen av studien som ei samanlikningsgruppe.


Spørjeskjemaet til lærarar gir også grunnlag for implementeringsstudien der vi ser nærare på faktorar i skulen som organisasjon som kan fremme eller eventuelt hemme implementering av  klasseleiing i skular og klasserom.

Kasusstudien omfattar eit utval av lærarar og deira klasse på kvar av skulane skule, vanlegvis 4-10 lærarar avhengig av storleiken på skulen. Interaksjonen mellom læraren og elevane  i desse klasseroma vert granska nærare for å utvikle meir kunnskap om korleis lærarar implementerer teoretisk kunnskap om klasseleiing til praksis i klasseromet. Vi ynskjer òg meir kunnskap om korleis god klasseleiing viser seg i praksis i klasseromet. Kasusstudien har tre hovudelement:

  • Læraren og elevar i kvart klasserom vert videoobservert fire gangar i løpet av det første skuleåret skulen er med i Ungdomstrinn i utvikling. For skulane som startar hausten 2016 inneber dette såleis at observasjonane vert gjennomført i løpet av skuleåret 2016-2017. Desse observasjonane vert så skåra med Classroom Assessment Scoring System –Secondary (CLASS-S) utvikla av professor Robert Pianta og hans kollegaer (Pianta et al. 2012). Målet er å kartlegge nærare korleis norske lærarar utøver klasseleiing og korleis dette utviklar seg gjennom eit skuleår.
  • Lærarane i desse klasseroma fører logg tre gangar i løpet av prosjektperioden, ein gang kvart av dei tre halvåra ein er med i Ungdomstrinn i utvikling.  Loggane omhandlar  eigen læring. Målet er å få meir kunnskap om lærarar si læring  mellom anna for å kunne målrette etter- og vidareutdanningstilbod slik at dei vert mest mogleg effektive.
     
  • Eit siste element i kasusstudien er gruppeintervju med lærarane på kvar skule og intervju med rektorar. Her vi vil få meir kunnskap med lærarane sine erfaringar med implementering av intervensjonen og korleis faktorar i og utanfor skulen kan påverke implementeinga. Rektorintervjua vil ha dei same tematiske fokusa. Ved utvalde skular vert det også gjort gruppeintervju av elevar der vi ynskjer elevane sitt perspektiv på kva lærarar kan gjere for at elevane skal lære best mogleg, fagleg og sosialt. Gruppeintervju av lærarar og rektorintervju vil vere aktuelt berre for eit utval av skulane  som startar i CIESL hasuten 2016.

Omfattande forskingsdesign

Forskingsdesignet er komplekst og omfattar mange element. Hovudårsaka til dette er at ei ynskjer eit så breitt og omfattande bilete av skulekvardagen på dei områda prosjektet omfattar. Skular i dag er komplekse organisasjonar og mange faktorar spelar inn på om lærarar kan lykkast både i utøving av klasseleiing og  i vidareutvikling av klasseleiarrolla.

Gjennom dette omfattande forskingsdesign vil vi kunne fange opp svært mange aspekt ved den komplekse skulesituasjonen og resultata vil gi oss  kunnskap som både er viktig i utdanning av framtidige lærarar og for å forbetre kurs, etter- og vidareutdanningstilbodet til lærarar som alt er i skulen.

Referanse

Pianta, R. C., Hamre, B. K. & Mintz, S.(2012). Classroom Assessment Scoring System –Secondary. Charlottevill, VA: Teachstone.

UiS logo