MENY

Forsking i Respekt bidrar til utvikling av skular

I 2012 er det ti år sidan dei første skulane tok til med Respekt-programmet, den gang under namnet Connect. Forsking som kan forbetre Respekt har vore viktig for å kontinuerleg utvikle programmet, for å evaluere effekten og for å gi skular som deltek best mogleg støtte til implementering.

Som eit resultat har ei rekkje studiar knytt til Respekt vore publisert både i vitskaplege og faglege tidsskrift, rapportar og bøker. Desse studia har bygd på data frå elevar, lærarar og foreldre ved skular som deltek i Respekt. Til no har vi litt sporadisk presentert resultat frå studiar når dei har vorte publisert. No vil vi samle informasjonen om forsking som er publisert og presentasjon av interessante forskingsresultat og startar denne serien på Respektsidene: ”Forsking fortel”.

Vi startar med presentasjon av nokre av dei seinaste publikasjonane. Desse verte lagt ut fortløpande den næraste tida. I løpet av året vil dei fleste publikasjonane vere presentert. Vi vil òg legge ut korte presentasjonar av utvalde funn som ikkje er publisert tidlegare og som vi trur kan vere av interesse for skulane i Respekt.