MENY

Kva verkar?

Ei rekkje ulike program og tiltak vert tilbode skular i arbeidet med førebygging og reduksjon av problemåtferd. Tiltaka varierer med omsyn til omfang og varigheit. Ei ny internasjonal studie har vurdert program som set fokus på reduksjon av mobbing og på kva element som inngår i dei programma som er mest effektive. Respekt er eit av programma som vart vurdert og som i fylgje forskarane klart har effekt mot mobbing.

Generelt fann forskarane ved Cambridge University at programma, som alle var forskingsbaserte og evaluerte, var effektive, men nokre program var meir effektive enn andre. Breispektra program, med mange ulike tiltak, og som varte over tid og der elevar og lærarar var mykje involvert i arbeidet viste reduksjon i mobbing. Dei viktigaste elementa som viste samanheng med reduksjon i mobbing var involvering av foreldre, forbetra inspeksjon i friminutt, klassereglar, klasseleiing, gode metodar for å betre disiplin og skulekonferansar. Forskarane tilrår at nye initiativ for å redusere mobbing bør utviklast og evaluerast i tråd med desse funna.

- Vi veit at programmet har effekt, seier Sigrun K. Ertesvåg, forskingsansvarleg i Respekt. - Studiar vi har gjennomført ved Senter for atferdsforskning tyder alle på at programmet har effekt. Respekt er òg eit av dei ni programma som i 2006 vart vurdert av ei forskargruppe til å ha effekt og som vart tilrådd brukt i norske skolar, etter oppdrag av Utdanningsdirektoratet. - Det er gledeleg at Respekt òg vert vurdert å ha klar effekt når ei uavhengig internasjonal forskargruppe vurderer programmet opp mot internasjonale program, seier ho. - Særleg interessant er det at Respekt som ikkje er eit anti-mobbe program i tradisjonell forstand, vert vurdert som effektivt sett i samanheng med program som fokuserer berre på mobbing. Respekt er eit program som er retta mot fleire typar problemåtferd, mellom anna mobbing. Evalueringsstudien av Respekt som inngjekk i studien til forskarane ved Cambridge, omfatta også disiplin- og konsentrasjonsvanskar. Der var resultata endå betre enn for mobbing. Respekt er eit breispektra program ved at det fokuserer på ulike typar problemåtferd. Det er breispektra ved at det involverar alle i skulen som elevar, tilsette, foreldre. Vidare er det breispektra ved at det omfattar mange samordna tiltak. Respekt omfattar dei fleste av dei elementa som forskarane fann effektive. - Vi trur at den breie tilnærminga er noko av styrken til Respekt-programmet, seier Ertesvåg.

Ertesvåg sier vidare at det samtidig er viktig å understreke at Respekt berre har effekt dersom det vert implementert etter planen. - Vi ser frå studiar vi har gjennomført at skular varierer i kva grad dei implementerer programmet slik det er tenkt, då varierar òg resultata i forhold til reduksjon i problemåtferd hjå elevane. Det finns ingen snarvegar, ein må jobbe systematisk, planmessig og målretta både før, under og etter den aktive programperioden, om ein vil sjå resultat av arbeidet både på kort og lang sikt. Dette inneber at ein må arbeide både med tiltak retta mot elevane og med utvikling av korleis personalet kollektivt skal førebygge og reduserer problemåtferd, seier Sigrun K. Ertesvåg, som er førsteamanuensis ved Senter for atferdsforskning.

Les meir her.