MENY

Gode lærar-elev-relasjonar er avgjerande for lærelyst

At relasjonen din til eleven er avgjerande for eleven si lærelyst, er mykje forska på og godt dokumentert. Gode lærar-elev-relasjonar har sterk samanheng med elevane sine læringsprosessar.

elever og lærer med hver sin ipad Ein god relasjon fremmar motivasjon, arbeidsinnsats, trivsel, samarbeidsåtferd, prestasjonar og oppleving av at skolearbeid er meiningsfylt.

Ein god relasjon fremmar motivasjon, arbeidsinnsats, trivsel, samarbeidsåtferd, prestasjonar og oppleving av at skolearbeid er meiningsfylt.

Som leiar i klassen legg du rammene for forholdet til den enkelte elev. Har du god struktur og gode rammer for arbeidet i klassen er sjansane større for god kontakt med den enkelte elev. Som lærar må du handtere relasjonar både på klasse- og individnivå.

Når relasjonen til ein av elevane ikkje fungerer, er det ditt ansvar. Du som voksen har ansvar for relasjonskvaliteten til klassa di og til den enkelte elev i klassa. Når relasjonar ikkje fungerer, er det av og til lærarar som gløymer at forholdet mellom lærar og elev ikkje er likemektig, sjølv om det er likeverdig.

Maktforholdet er ikkje likt. Når samspelet ikkje fungerer er det læraren sitt ansvar å endre på noko og finne ut kva som kan gjere forholdet betre. Vi må ha eit profesjonelt forhold til eige temperament. Her er vi forskjellige og nokon må arbeide meir enn andre for å fungere profesjonelt i klassen.

Når relasjonar har kjørt seg fast er det lurt å be om rettleiing. Det er inga fallitterklæring. Ein lærar kan ikkje like alle elevane like godt, men det er læraren sitt ansvar å finne ei løysing slik at alle elevane opplever ein god relasjon til læraren. Elevar er 100% avhengige av å bli likt av læraren. Barn og unge, uansett alder, opplever auka lærelyst når relasjonen til læraren er god.

 

Referanse

Drugli, M. B. (2013). Relasjonen lærer og elev, avgjørende for elevenes læring og trivsel. Cappelen Damm akademisk.