MENY

Motivasjon og lærelyst

I den generelle delen av læreplanen står det mykje om lærelyst og motivasjon. Bli inspirert.

Motivasjon og lærelyst er avhengig av korleis elevane svarer på tre spørsmål, seier professor Edvin Bru som i mange år har forska på kva som motiverer barn og unge til å lære.

Dei tre spørsmåla er:

  • Kan eg klare læringsoppgåvene?
  • Er læringsoppgåvene meiningsfulle eller nyttige for meg?
  • Kva slags skulerelaterte forventningar møter eg frå personar som er viktige for meg?

For at elevane skal tenke at dei kan klare å gjennomføre læringsoppgåvene er det avgjerande med eit støttande læringsmiljø prega av:

  • kortsiktige konkrete læringsmål som tek utgangspunkt i eleven sitt kompetansenivå
  • positive forventningar til at eleven kan klare oppgåva
  • konstruktive tilbakemeldingar med utgangspunkt i eleven sine læringsmål
  • liten grad av sammenligning av prestasjoner mellom elevar

Læring er ein aktiv prosess som skjer mellom lærar og elev og mellom elevar fordi læring vert stimulert i eit samspel. Skular med godt læringsmiljø har også gode læringsresultat (Meld.St. 20 (2012 –2013)).

Kvar dag står lærarar, skuleleiarar og skuleeigarar overfor val som handlar om korleis dei skal legge til rette for å oppretthalde elvane si naturlege nysgjerrigheit og motivasjon for å lære. Det overordna målet for utdanning er formulert i den generelle delen av læreplanen (s. 31). Her står det blant anna:
"Elevane kjem til skolen med lærelyst: Med behov for å bli tekne på alvor, for å bli avhaldne som dei dei er, med trong til å bli lyfte og utfordra, med ønske om å prøve krefter og bruke musklar."