MENY

Råd til lærarar frå Hattie

Professor John Hattie ved University of Melbourne i Australia har mange råd til lærarar om korleis dei kan auke eleven sitt læringsutbytte.

Er det mogeleg, utifrå den forskinga du har gjort på læringsutbytte til 83 millionar elevar, og gi lærarane eit råd?

– Ja, seier John Hattie, utan å tenke seg om.

– Det viktigaste læraren må vite for å kunne legge til rette for læring er: Know your impact! Læraren må vite om det han eller ho gjer saman med elevane i klasserommet fører til læring. Kva for innverknad har du på eleven si læring? I kva for situasjonar lærer elevane dine best? Når skiftar elevane frå overflatisk til djup læring? Kanskje inneber det at du må være mindre oppteken av undervisning og meir oppteken av læring.

Forsk på eigen praksis

– For å finne ut om aktiviteten i klasserommet fører til læring, må læraren innhente informasjon om korleis elevane lærer og forske på eigen praksis, fortsett Hattie.

– Læraren må snakke med og spørje elevane og foreldra om eleven sin læringsprosess, snakke med kollegaer og få innspel og tips frå pedagogisk forsking.

Hattie fortel at lærarar har gode erfaringar med å filme elevane i undervisningssituasjonar for å sjå etter teikn på læring. Det er dette han meiner med "visible learning".

– Synleg læring er, forklarar Hattie, er når læraren SER læring gjennom elevane sine auger og når eleven SER seg sjølv som sin eigen lærar.

Å være sin eigen lærar

– Om du klarer å gjere eleven i stand til å sjå seg sjølv som lærar i eigen læreprosess, har innflytelsen din hatt positiv effekt, seier Hattie.

Studiane hans viser at ein lærar i gjennomsnitt snakkar 60 til 70 prosent av tida i klasserommet.

– Vi er i ein profesjon der barn og unge kjem for å sjå oss jobbe. Barna lærer tidleg å være passive tilhøyrarar og late som dei følgjer med, seier Hattie.

I små klasser (15–20 elevar) viser forsking at læraren snakkar meir enn i større klasser (25–30 elevar), noko som fører til at elevane lærer mindre.

– Gje elevane mogelegheit til å forklare det dei forstår og det dei ikkje forstår, til kvarandre eller til læraren. Skap dialog i klassen.

I boka Synlig læring (2013) er Hatti tydeleg på at det er læraren si samhandling med elevane som har størst effekt på læring. Av alle små og store handlingar som skjer kvar skuledag, er det aller viktigaste at du som lærar kjenner din innverknad på læringsprosessen til elevane.

– Å gjere det du veit har læringsverdi for dine elevar, er den faktoren som gir størst læringsutbytte, avsluttar John Hattie.

 

Skuleforskaren John Hattie

John Hattie