MENY

Klasseleiing kan lærast

Forsking: Klasseleiing og autoritative vaksne er sentralt i arbeidet med utvikling av eit godt læringsmiljø. Elevar rapporterer at lærarane vert dyktigare på å gi emosjonell støtte, faglig støtte og til å føre tilsyn gjennom systematisk kompetanseutvikling i autoritativ klasseleiing.

Lærer som står med armene i kors og smiler Resultata viser auke i elevane si oppleving av støtte frå lærarane på eit eller fleire av dei tre typane lærarstøtte, for alle trinn med unntak av 9. trinn

Studien er basert på rapportar frå Respekt, eit kompetanseutviklingsprogram for førebygging og reduksjon av problemåtferd og styrking av læringsmiljøet.

Autoritativ klasseleiing er eit sentralt virkemiddel i arbeidet. Gjennom Respekt vert det formidla kunnskap om korleis ein kan arbeide med å vidareutvikle ferdigheitene som leiar av grupper og klasser. Då er det naturleg å stille spørsmål om lærarar og andre, vert dyktigare gjennom kompetansehevingsperioden. Spør vi elevane, er svaret enkelt sagt eit klart og tydeleg ja. Ikkje berre vert lærarane dyktigare medan programmet pågår, den positive utviklinga held fram etter at den aktive programperioden er over.

Respekt gir auka lærarstøtte

Resultata av ein studie publisert i artikkelen Classroom leadership: the effect of a school development programme frå 2009 viser at elevane rapporterte at lærarane vart dyktigare til å gi fagleg støtte, emosjonell støtte og til å føre tilsyn. Spørsmåla i spørjeskjemaet til elevane som dekkjer dei tre områda er nært knytt til klasseleiing. Emosjonell støtte er nært knytt til relasjonsbygging og oppfølging nært til kontroll, som er dei to aspekta ved den autoritative vaksenrolla.

Studien vart gjennomført mellom elevar på 5.–10. trinn i fire skular som deltok i Respekt. Dette var fire skular som vart granska over mange år, og vi har svært god kunnskap om i kva grad skulane gjennomførte programmet under programperioden, og i kva grad dei var i stand til å vidareføre arbeidet. Skulane deltok i programmet skuleåret 2002–2003. Studien omfattar perioden 2002–2007 og er såleis ein av få studiar som fyl skular over så lang tid etter at ein intervensjon er avslutta. Kanskje framleis den einaste i Noreg.

Resultata viser auke i elevane si oppleving av støtte frå lærarane på eit eller fleire av dei tre typane lærarstøtte, for alle trinn med unntak av 9. trinn. Ikkje berre viste resultata at elevane rapporterte at lærarane vart dyktigare gjennom programperioden, men effekten held fram å auke fleire år etter at programmet vart avslutta. For elevar på 5., 7., 8. og 10. trinn rapporterte elevane auke for alle tre områda. Ein konklusjon er at elevane vurderer at lærarane har vorte dyktigare klasseleiarar og meir autoritative vaksne frå 2002–2007. Studien dokumenterer såleis effekten av utvikling av lærarstøtte gjennom Respekt-programmet.

Ein annan studie (Ertesvåg og Vaaland, 2007) av same elevar dokumenterer at samstundes som elevane rapporterte auka lærarstøtte, rapporter dei reduksjon i problemåtferd som mobbing, disiplin- og konsentrasjonsvanskar.

Metodekommentar

Så kan ein stille spørsmål ved korleis vi kan samanlikne elevar frå 2002 fram til 2007, ettersom det ikkje er dei same elevane som går ved den einskile skule i 2007 som i 2002. Her nyttar vi forskningsdesignet kohort longitudinelle design. Der vert elevar på eit trinn samanlikna med elevar som er like gamle eit føregåande år. Til dømes vert 7. trinn 2. året undersøkinga er gjennomført samanlikna med 7. trinn første året undersøkinga vart gjennomført. Tilsvarande for dei andre trinna og dei påfølgande åra.

Undersøkinga det første året vert nytta som kontrollgruppe for elevar på same klassetrinn ved seinare målingar ettersom elevane første året ikkje har vore med i Respekt enno. Undersøkinga vart gjennomført i april/mai, før arbeidet saman med elevane tok til ved oppstarten av det nye skuleåret i august. På denne måten samanliknar ein i dei neste undersøkingane elevar som deltok i Respekt, med elevar som ikkje hadde deltatt og granskar om ein får ei positiv utvikling.

Ein føresetnad for slik samanlikning mellom elevar på same klassetrinn, er at ein undersøkjer om desse utvala er like på sentrale faktorar. I denne studien vart dette gjort mellom anna ved å granske om elevgruppene var like med omsyn til ulike typar aggressivitet.

 

Tekst: professor Sigrun Ertesvåg

 

Referanser

Ertesvåg, S.K. (2009). Classroom leadership. The effect of a school development programme. Educational Psychology, 29,5, 515-539.

Ertesvåg, S.K., & Vaaland, G.S. (2007). Prevention and reduction of behavioural problems in school: An evaluation of the Respect program. Educational Psychology, 27, 713–736.

Qvortrup, L. ( 2009). Læreren må bli best i det han skal være best i. Bedre skole nr 3, s.189–199. 

UiS logo