MENY

Sosiometrisk kartlegging steg for steg

Kva er sosiometrisk kartlegging og korleis kan du gjennomføre den?

Sosiometrisk kartlegging er ein forskingsbasert metode som gir informasjon om relasjonar mellom personar i ei gruppe. Kartleggingsmetoden er utvikla av J.L. Moreno på 1920- og 30-tallet. Seinare er metoden vidareutvikla og har hatt ei rekke bruksområde, mellom anna avdekking av sosiale relasjonar mellom elevar i skuleklassar.
 
I skuleklassar kan kartleggingsmetoden nyttast både i arbeid med heile klassa, enkeltelevar og mindre grupper. Metoden kan nyttast for å avdekke kva rolle og posisjon enkeltelevar har i klassen eller relasjonar elevar ynskjer å ha til medelevar.
 
Ved å gjenta kartlegginga kan ein avdekke endring i strukturen ettersom strukturen i ei gruppe er dynamisk. Endringar i strukturen kan òg vere eit resultata av systematiske tiltak som er sett inn.
 
Kunnskap om sosiale relasjonar i klassen kan nyttast både i førebyggande arbeid og som del av tiltaksrekkjer for å møte særlege behov hjå enkeltelevar eller grupper av elevar. Vanlegvis inngår sosiometrisk kartlegging då i ei større tiltakskjede med anna systematisk kartlegging, til dømes individuell kartlegging av einskildelevar, for å avgjere kva tiltak ein skal sette i verk. Uavhengig av om kartlegginga vert gjennomført som del av førebyggande arbeid eller særskilte tiltak ligg ei samla vurdering til grunn for val av tiltak. 
 
Tiltak kan til dømes vere retta mot styrking av læringsmiljøet i ei klasse, trening av sosiale ferdigheiter hjå enkeltelevar eller grupper av elevar, nettverksbyggande tiltak både innan klassa og mellom heim og skule.

Her kan du lese meir om:

 

Referansar og litteratur

Ertesvåg, S.K. (1999) Sosiometrisk kartlegging i skulen. Spesialpedagogikk. 1, 3-9

Ertesvåg, S.K. (2000) Sosiometrisk kartlegging steg for steg. Praktisk rettleiing i planlegging og gjennomføring av sosiometrisk kartlegging.

Ertesvåg, S.K. (2002) ”Små grupper som sosial læringsarena. - Ein kort longitudinell studie av trening av kommunikative dugleikar hjå elevar i 8.klasse.” Dr.polit avhandling, NTNU.

Ertesvåg, S.K. (2003) Sosial status og sosialt nettverk i ei klasse med ein elev med multihandikap. Nordisk tidsskrift for Spesialpedagogikk,1, 53-65

Flack, T. (2010) Innblikk – Et sosial-analytisk verktøy for å avdekke skjult mobbing. Stavanger, Senter for atferdsforsking, Universitetet i Stavanger.

Moreno, J. L. (1934). Who shall survive? A new approach to the problem of human inter-relations. Washington, DC: Nervous and Mental Disease Publishing.

Sletta, O. (1985) Sosiale bytteforhold ved sosiale samspill i skoleklasser. Oslo, Universitetsforlaget.

 

Tekst: professor Sigrun K. Ertesvåg