MENY

Etiske vurderingar

Dette er ein gjennomgang av sterke og svake sider ved ulike typar kartlegging.

?Uutnytta potensiale

I mange samanhengar vert ikkje informasjonen som vert innhenta fullt ut utnytta (Frederickson & Furnham,
1998; Ertesvåg, 2002). Ein nyttar ofte berre talet på nominasjonar, eventuelt ein indeks basert på forholdet mellom positive og negative nominasjonar. I liten grad utnyttar ein visualiseringa av nominasjonar som sosiogram kan
gi. Dette gjeld særleg når sosiometrisk kartlegging er nytta i forsking, men også når metoden er nytta i praksis nøyer ein seg med å sjå på talet på val og på gjensidige val ulike elevar får, i tillegg til å sjå på kven som vel kvarandre.

Som det er vist til under drøftinga av analyse misser ein då mykje informasjon som vert tydeleg gjennom visualiseringa som sosiogram kan gi. Døme er ulike kjeder og subgrupper som trer tydeleg fram i sosiogram. Potensielle maktposisjonar er ikkje mogeleg å identifisere om ein nøyer seg med å sette opp ei matrise.

Frederickson & Furnham (1998) gir ei oversikt over drøftingar i tilknytning til sosiometriske teknikkar til kartlegging av sosiale relasjonar mellom elevar. Artikkelen viser gjennom tidlegare studiar mangfaldet både i innsamling av data og i analysar.

Dette metodiske mangfaldet viser at sosiometrisk kartlegging har utvikla seg dels med utgangspunkt i ulike bruksområder, men også som resultat av ny kunnskap om relasjonar mellom elevar. Utviklinga har òg bakgrunn i erfaringar med dei ulike formene for kartlegging.

Eit døme er SCM som dels vart utvikla som resultat av at Cairns og kollegane (t.d. Farmer og Cairns, 1991) erfarte at elevar vegra å gi negative nominasjonar. Cairns og kollegane utvikla ei tilnærming der elevane rapporterte kven som var saman i klassa, slik at alle elevane i utgangspunktet rapporterte om alle, ikkje berre dei som dei sjølve likte
eller ynskte å vere saman med.

Ein kan argumentere for at dette ikkje erstattar tradisjonell tilnærming med spørsmål om kven ein likar / ikkje likar eller vil vere saman med, men gir ein annan type informasjon (Ertesvåg, 2002). Social Cognitive Map gir eit bilete av
elevane si kollektive oppfatning av kven som er saman i ei klasse/gruppe.

Ein styrke ved denne type kartlegging er at ein kan få eit godt bilete av kven som er saman i ei gruppe utan at alle
elevane er tilstades. Er om lag 60 prosent av elevane tilstades har studiar vist at ein likevel får eit godt bilete av relasjonar mellom elevane. Samstundes kan ein oppleve eit etterslep i elevane sin kollektive oppfatning av relasjonar i klassa.

Ein intervensjonsstudie samanlikna elevane sine venskapspreferansar med SCM-kartlegging. Den viste at medan elevane samla framleis hadde ei sterk kollektiv oppfatning av ei gruppe på fire jenter ved prosjektslutt, viste jentene sine eigne preferansar ei oppmjuking av gruppa ved at det i tillegg til å vere fleire gjensidige val innan gruppa òg var gjensidige val med medelevar utanom gruppa (Ertesvåg, 2002). Dette illustrerer godt at alle metodane har sterke og
svake sider og såleis må nyttast medvite ut i frå kva type informasjon ein har behov for.

Venskap har vore kartlagt ved å identifisere dei beste venene til kvar elev. Her er det gjerne krav om gjensidige nominasjonar for å kvalifisere som venskap. Dette fordi born gjerne nominerer andre som ven, men langt frå alle val er gjensidige (Parker & Asher, 1993).

Ein kan identifisere venskap på fire ulike måtar (Hartup, 1996):

  1. Be barna sjølve, foreldre eller lærarar identifisere vener og kva relasjonar som er gjensidige.
  2. Be barna ta stilling til kor godt dei likar kvarandre.
  3. Observere i kva grad born søkjer og opprettheld nærleik til kvarandre.
  4. Måle kor gjensidige relasjonane er og i kva grad barn samhandlar i sosial interaksjon.

Såleis har òg kartlegging av venskap, som sosial status, fleire ulike tilnærmingar. Ei tilnærming fell saman med ei utbreidd tilnærming til sosial status. Her ber ein barna ta stilling til kor godt dei likar medelevane. Dette er eit døme på overlapping mellom dei tre hovudkategoriane innan utvikla sosiometrisk kartlegging.

?Tekst: professor Sigrun K. Ertesvåg

Les meir:

 

Referansar

Ertesvåg, S.K. (2002). Små grupper som sosial læringsarena. - Ein kort longitudinell studie av trening av kommunikative dugleikar hjå elevar i 8. klasse.” Dr. polit. avhandling, NTNU.

Farmer og Cairns (1991).

Frederickson & Furnham (1998).

Hartup (1996).

Parker & Asher (1993).