MENY

Kva er sosiometrisk kartlegging?

Sosiometrisk kartlegging kan ein nytte for å identifisere strukturen av relasjonar mellom elevar i ei klasse.

Metoden kan nyttast for å avdekkje grupperingar av elevar, elevar som fell utanfor klassefellesskapet, populariteten til einskildelevar og maktposisjonar elevar har i klassa. Informasjonen frå kartlegginga kan mellom anna nyttast som grunnlag for tiltaksarbeid med utgangspunkt i ein eller fleire elevar.

Gjennom usystematiske observasjonar av elevar får læraren eit omtrentleg bilete av dei sosiale relasjonane mellom elevar i ei klasse. Ved å observere kven som søkjer saman i frie aktivitetar, i friminuttet eller elles når elevane sjølve kan velje kven dei skal vere saman med, får læraren kjennskap til korleis medelevar omgår kvarandre.

Samstundes føregår det mykje i klassa og læraren vil ha vanskar med å ha oversikt over alt som til ei kvar tid skjer i elevgruppa. Klasser med mange subgrupper og mange isolerte elevar tenderer til å oppleve meir disiplinproblem og mindre fellesskapskjensle enn klassar utan slike gruppestrukturar. Ein ynskjer klasser som fungerer godt saman sosialt og gir gode føresetnadar for at elevane skal utvikle seg sosialt og fagleg.

Gjennom sosiometriske kartleggingar kan ein identifisere relasjonar mellom elevane for om nødvendig å setje inn tiltak for å endre relasjonsstrukturen. Sosiometrisk kartlegging kan supplere usystematiske observasjonar ved å kartlegge sosiale relasjonar mellom personar.

Det treng ikkje vere vanskeleg å oppdage isolerte elevar gjennom usystematisk observasjon, men det kan vere vanskeleg å avdekkje kven av medelevane denne eleven har størst føresetnad for å få nærare kontakt med.
Sosiometrisk kartlegging erstattar ikkje observasjonar, men er eit supplement. Metodane kan òg korrigere læraren si oppfatning av strukturar i klassa då studiar har vist at lærarar og elevar ikkje treng vurdere ein elev likt (Ollendick, Oswald og Francis, 1989).

Ei sosiometrisk kartlegging kan gi eit meir presist bilete av elevane sin posisjon i klassa enn læraren ofte kan, dels fordi det føregår mykje elevane i mellom som læraren ikkje kan ha oversikt over, dels fordi læraren ikkje set tilstrekkeleg fokus på dei sosiale relasjonane mellom elevane.

Eit sosiogram er såleis ei kartlegging av relasjonar innan ei gruppe. Formålet er å avdekke gruppestrukturar, det vil seie det grunnleggande nettverket av venskap og subgruppeorganisering. Relasjonen mellom ein kvar elev når det gjeld gruppa som heilskap er ein annan type informasjon som kan verte avdekt gjennom eit sosiogram. Verdien av eit sosiogram ligg i potensialet læraren har for å få større forståing for relasjonar i gruppa slik at han / ho kan leie gruppa meir innsiktsfullt og utvikle gode læringsmiljø for kvar einskild elev.

Sosiogram kan gjennomførast på mange ulike måtar. Metoden som er skildra her er slik eg i si tid lærte den av professor Olav Sletta, kanskje den som har nytta sosiometriske kartleggingar mest i Noreg. Metoden slik Sletta nytta den, er mellom anna presentert i ei bok basert på doktorgrada hans (Sletta, 1985).
 
Eg har tidlegare presentert og drøfta metoden (Ertesvåg, 1999; 2000). Presentasjonen her bygg dels på denne presentasjonen, men er revidert og vidareutvikla.

Tekst: professor Sigrun K. Ertesvåg.

Les meir:

 

Referansar

Ertesvåg, 2000

Ertesvåg, 1999

Ollendick, Oswald og Francis, 1989

Sletta, 1985