MENY

Ulike typar sosiometrisk kartlegging

Sosiometrisk kartlegging har utvikla seg i fleire ulike retningar gjennom åra etter den klassiske sosiometrien til Moreno fra 1934.

Kinderman (1998) viser til at ein kan sjå tredelt utvikling i samband med studiar av skuleklassar.

  1. Kartlegging av sosial status
    (t.d. Asher og Coie, 1990)
    Spørsmål som: Kven i klassen likar du / likar du ikkje?
     
  2. Kartlegging av venskap
    (t.d. Furman, 1996)
    Spørsmål som: Kven er din beste ven?
     
  3. Kartlegging av sosial tilknytning
    (t.d. Cairns m.fl. 1988)
    Spørsmål som: Tenk på klassa di. Er det nokon som er mykje saman? Er det grupper av elevar som er mykje saman?

I tillegg til desse tre hovudtypane av kartlegging kan ein argumentere for ulike mellomtypar av desse hovudformene. Til dømes kan ein argumenterer for at tilnærminga Sletta (1985) og Sletta m.fl. (1995) nyttar med valkriteria ven, gruppe og klasse er ein kombinasjon av tilnærming 1. og 2.

Særleg interessant er det at Kinderman ser studiar av sosial tilknytning etter Cairns og kollegaene, som ei form for sosiometri. I studiar der Social Cognitiv Map (SCM) utvikla av Cairns og kollegaene for kartlegging av sosial nettverstilknytning, vert metoden sett som ei erstatning for sosiometrisk kartlegging (t.d. Farmer og Cairns, 1991). Særleg interessant er dette i lys av at Kinderman har vore med å utvikle SCM.

Tekst: professor Sigrun K. Ertesvåg

Les meir:

 

Referansar

Asher og Coie, 1990

Cairns m.fl. 1988

Farmer og Cairns, 1991

Furman, 1996

Kinderman (1998)

Moreno, J. L. (1934). Who shall survive? A new approach to the problem of human inter-relations. Washington, DC: Nervous and Mental Disease Publishing.

Sletta m.fl. (1995)

Sletta, O. (1985) Sosiale bytteforhold ved sosiale samspill i skoleklasser. Oslo, Universitetsforlaget.