MENY

Gap mellom forskingsbasert kunnskap om læringsmiljø og praksis i skulen

Når skular set i gang utviklingsarbeid for å betre det sosiale og faglege læringsmiljøet til elevane, er målet å skape varig endring. For mange skular kan endringsarbeidet etter kvart fortone seg meir som eit mareritt.

Fire par hender på et blankt ark Trass i den omfattande forskingsbaserte kunnskapen er det lite av dette som kjem elevane til gode.

Mange skular set inn tiltak, intervensjonar eller program for å utvikle læringsmiljøet i klasserommet eller skulen. Sjølv når endringsarbeidet er forskingsbasert strevar mange skular med å implementere endringa, og endå fleire skular strevar med å oppnå varig endring.

Vanskeleg å lukkast på eiga hand

Internasjonal forsking viser at intervensjonar som vert implementert utanfor strengt kontrollerte studiar vanlegvis ikkje vert implementert med høg kvalitet. Det vil seie når skular skal implementere endring på eiga hand strevar dei med å lukkast. Dette trass i den omfattande forskingsbaserte kunnskapen ein har både om korleis ein kan forbetre læringsmiljøet og om korleis ein lykkast med endringsarbeid i skulen.

Ei sentral utfordringane innan pedagogikk i dag er gapet mellom kunnskapen ein har på desse felta og kva skular og lærarar klarer å ta i bruk. Den store utfordringa er korleis vi kan bygge bru mellom kunnskapen på feltet og kva elevane i skulen får nytte av.

Implementeringskvalitet

Å utvikle støttande læringsmiljø er sentralt for at alle elevar skal kunne utnytte læringspotensialet sitt fullt ut både sosialt og akademisk. Med dette utgangspunktet har det vore auka merksemd på dette i norsk skulepolitikk, noko som kjem til uttrykk i dei fleste av stortingsmeldingane som har kome dei seinare åra. Utdanningsdirektoratet si satsing på læringsmiljø er eit anna resultat av dette.

Trass i den omfattande forskingsbaserte kunnskapen er det lite av dette som kjem elevane til gode. Dette er ei felles utfordring for praktikarar, forskarar og skulebyråkratar.

 

Tekst: Sigrun K. Ertesvåg

 

Referansar

Ertesvåg, S.K., Roland, P., Vaaland, G.S., Størksen, S.& Veland, J. (2010) The Challenge of Continuation –Schools’ continuation of the Respect programme. Journal of Educational Change, 11, 4. 323344.

Ertesvåg, S.K. & Vaaland, G.S. (2007) Prevention and Reduction of Behavioural Problems in School: A pilot Evaluation of the Respect programme. Educational Psychology, 27,6, 713736.

Greenberg, M. T., Domitrovich, C. E., Graczyk, P. A., & Zins, J. E. (2005). The study of implementation in school?based preventive interventions: Theory, Research and Practice Vol 3 of Promotionof Mental Health and Prevention of Mental and Behavioral Disorders. Rockville MD: Center for Mental Health Services, Substance Abuse and Mental Health Services Administration.