MENY

Kysseforbod til besvær

Skular gjer lurt i å ha reglar, men det må vere tydeleg kvifor ein har dei, skriv Sigrun Ertesvåg.

Ikkje lov til å kysse, bruke mobil, sagge, ha hua eller capsen på inne, danse på bordet, klatre i tre, ha vassflaske i timane osv. I dagane etter skulestart har det vore medieoppslag om alle moglege, og umoglege, reglar og forbod som kan møte elevane i skulen. Forbodslista kan vere lang. Det er forståleg at elevar, foreldre og media stiller spørsmål.

Skular gjer lurt i å ha reglar, men det må vere tydeleg kvifor ein har dei. Formålet er ikkje primært å forby kyssing eller sagging. Reglar kan vere eit verkemiddel, mellom mange andre, for å skape ein trygg og effektiv skulekvardag for alle elevane. Trekker du på smilebandet? Men faktum er at eit av dei mest effektive tiltaka for å førebygge og redusere uro og disiplinvanskar ved ein skule, er vaksne som er samstemte og opptrer kollektivt. Altså vaksne som spelar på same lag.

Reglar, som forbod mot caps eller solbriller i timen, er eit av dei mest effektive tiltaka for å demonstrere overfor elevane at dei vaksne står saman. Nokre få reglar, tre til fem, som er tydelege og kjende for elevane, og som dei vaksne handhevar, er svært effektive. Elevar er nærast forplikta til å teste grenser, meir til eldre dei er, det er ein naturleg del av utviklinga mot den vaksne verda. Foreldre kjenner dette godt frå heimebane. Men heime har ein kanskje 2-3 som testar grenser, og i dei fleste heimar går det rimeleg bra. Personalet på skulen er mange som skal framstå samstemte, og det er gjerne fleire hundre elevar som skal teste grenser. Då må virkemidla vere enkle om dei skal vere mogleg å handheve, og sette standarar for livet i skulen.

Elevar, heilt ned til første klasse, forstår godt at det må vere rutinar og reglar i kvardagen på skulen. Viss ikkje vil det rå meir eller mindre kaos. Det vil dei ikkje ha. Då er rutinar, eller reglar, gode virkemiddel. Men, og det er eit stort men, det føreset at personalet både forstår formålet, og at dei er lojale mot reglane. Målet med ein velkjent regel om at det ikkje er lov å ha hue, caps eller solbrille på i klasseromet, er ikkje å slå ned på ungdomskulturen. Derimot kan det vere ein kombinasjon av at det er enkelt å handheve for alle tilsette, samtidig som ein god klasseleiar har augekontakt med kvar av elevane sine fleire gangar i løpet av ein time. Det er vanskeleg når elevane har hua ned i augene, capsen skyggar eller solbrillene er mørke.

Både foreldre, lærarar og elevar ynskjer ro, oversikt og gode arbeidsforhold i klasseromet. Elevar er nok ikkje alltid einige i lærarane sine verkemiddel for å oppnå dette. Men elevane har krav på ei truverdig forklaring på kvifor det er slik, og vere klar over konsekvensane dersom dei vel å bryte reglane. Personalet gjer jobben enklare for seg sjølv om ein vel reglar som er relativt enkle å forstå for elevane, og foreldra. Kva som er gode reglar på ein skule, er det ikkje nødvendigvis på ein annan.

Vel så interessant er det at nokre skular ikkje treng kysseforbod. Forbod er kanskje ikkje det mest effektive verkemiddelet i lengda. Elevar treng hjelp til innarbeiding av rutinar til dømes for å meistre oppstart, gjennomføring og avslutting av timane. Kanskje også for livet i friminutta. Fokus på å meistre ulike arenaer i og utanfor klasseromet kan gjere kysseforbodet overflødig.