MENY

Skulekvardag til hovudbry

Stress, depresjon og psykosomatiske plager gjer at mange elevar i ungdomsskulen og vidaregåande skule har ein tøff skulekvardag. – Det trengst meir fokus på emosjonelle problem i skulen, seier UiS-professorane Edvin Bru og Terje Murberg.

Jente som holder armer i kross, speilbilde av jenta som vender seg bort Mange elevar i norsk skule slit med depresjon og psykosomatiske symptom.

Dei to har forska på elevars mentale helse og opplevingar i skulekvardagen gjennom fleire studie. Edvin Bru ved Læringsmiljøsenteret og Terje Murberg ved Institutt for helsefag, er ikkje i tvil om at norsk skuleungdom har meir enn skulearbeid å streve med. Mange elevar i norsk skule slit med depresjon og psykosomatiske symptom.

– Kvar femte elev fortel om moderate eller alvorlege muskelplager og hovudpine, medan nesten like mange har hatt moderate eller alvorlege magesmerter i løpet av siste månad, seier Edvin Bru, som meiner psykosomatiske plager er meir utbreitt blant ungdom enn det mange trur.

Stadig fleire elevar slit med fysisk smerte i form av hovudpine, vondt i magen, rygg- og nakkesmerter eller spente musklar. Opp mot tjue prosent av ungdommane rapporterer depressive symptom. Jenter rapporterer oftare psykosomatiske symptom enn gutar.

Fare for å droppe ut av skulen

Dei to forskarane trur mentale helseproblem reduserer elevane sitt læringsutbytte. Dei meiner det er fare for at elevar droppar ut av skulen som ei følgje av slike problem og ønskjer auka merksemd på tematikken.

– Emosjonelle problem i ungdomsalderen aukar risikoen for mistilpassing. Risikoen aukar også for bruk av alkohol og narkotika, seier Murberg.

Negative hendingar og livserfaringar kan vere ein årsak til at elevar får depressive tankar. Alvorleg sjukdom eller skade blant nære slektningar eller vener, er døme på hendingar som elevane opplevde som særleg tunge.

– 31 prosent av ungdommane rapporterte at dei hadde opplevd minst ei negativ hending i løpet av det siste året. Slike hendingar blei knytt til emosjonelle problem blant både jenter og gutar, seier Murberg.

Mykje stress kan gje helseplager

Ifølgje dei to forskarane byr skulekvardagen både på sosiale og faglege utfordringar. Elevar kan bli vikla inn i konfliktar, bli utestengde eller mobba. Motiverte elevar kan oppleve eit betydelig arbeids- og prestasjonspress:

– Blant gutar var det særleg dei som opplevde vanskelege relasjonar til medelevar som hadde psykosomatiske symptom. Jenter opplevde meir stress knytt til bekymringar for skuleprestasjonar og forhold i heimen, medan gutar opplevde meir stress knytt til konfliktar med foreldre eller lærarar. Grada av kor tilfredse elevane var med skulen sank med alderen, samstundes som opplevinga av stress og mentale helseproblem auka, seier Bru.

– Noko stress kan vere bra. Det aukar prestasjonsevna. Men om du ikkje taklar eit slikt press, kan det gi mentale helseplager, seier Bru og held fram:

– For elevar som slit med stress i skulen, kan det vere til stor hjelp å ikkje skape unødig konkurranse. Eit større fokus på betring av eigne prestasjonar er eit betre alternativ. Stress kan dempast gjennom å gi elevane ei kjensle av at dei har kontroll over læringssituasjonen.

God relasjon til læraren er viktig

Ein god relasjon til læraren kan vere avgjerande for at elevar skal kunne takle vanskelege situasjonar. Både når det gjeld å takle stress og i forhold til alt som skjer utanfor skulen.

Forskinga til Murberg og Bru viser at for elevar som opplevde slike negative hendingar, var sjansen mindre for at dei fekk mentale helseproblem om støtta frå lærar var god.

– Læraren kan vere den viktige andre, som eleven treng om han opplever at det sosiale nettverket sviktar, seier Murberg, som meiner det trengst eit auka fokus på kvar grensa går mellom kva som bør vere lærarens og den psykiske helsetenesta sine oppgåver.