MENY

Elevsamtalen i lovverket

Elevsamtale er her forstått som samtalar mellom lærar og elev der både fagleg og sosialt fokus er vektlagt. Det er lagt til grunn i forskrift til opplæringslova at elevar har rett til minst ein samtale i halvåret. Samtalen inngår som del av retten til undervegsvurdering.

Lærar og elev i samtale.

Denne formaliserte samtalen skal omhandle elevens faglege utvikling, saman med ei vurdering av orden og åtferd. Vidare løftar forskrifta fram eleven sin rett til dialog om anna utvikling:

Eleven, lærlingen og lærekandidaten har rett til jamleg dialog med kontaktlæraren eller instruktøren om sin utvikling i lys av opplæringslova § 1-1, generell del og prinsipp for opplæringa i læreplanverket. (Forskrift til opplæringsloven §3-8.)

Basert på lovgrunnlaget kan elevsamtalen forståast som eit verktøy for relasjonsbygging og klasseleiing, som ein opning for å avklare forventningar og setje nye mål, gje tilbakemeldingar, synleggjere meistring og utvikling og motivere elevar, og som eit utgangspunkt for elevmedverking i vurdering for læring.

Ansvaret for elevsamtalen
Ifølgje forskrift §3-11 har kontaktlærar ansvaret for å gjennomføre halvårssamtalen i fag. Dette ansvaret kan delegerast til faglærar. I ungdomsskulen vil dette vera ein relevant problemstilling, då det er fleire faglærarar inne og det er faglærar som gjennom sin kjennskap til fag og elevens kompetanse kan gje presise tilbake- og framovermeldingar. Den jamlege dialogen med eleven om anna utvikling er det kontaktlærar som har ansvar for (§3-8).

Formalisert eller ikkje?
Elevsamtalen kan forståast som formalisert gjennom ein planlagt samtale mellom elev og lærar med mål om fagleg og sosial utvikling for eleven. I tillegg føregår ein mengde mindre systematiske samtalar mellom lærar og elev, i læringsaktivitetar, i overgangar mellom aktivitetar eller mellom friminutt og time, eller i friminutt.

Desse mindre formaliserte samtalane kan også forståast som del av jamleg dialog om anna utvikling, og kan sjåast som ei sentral side ved både undervegsvurdering og klasseleiing. Særleg er desse daglege samtalane i skulekvardagen viktige for å bygge «sosial kapital» i møte med dei utfordrande samtalane (lenke til filmen?).

Enkelte samtalar er vanskelegare enn andre, anten fordi ein må snakke om utfordrande åtferd i klasserommet, fordi eleven opplever kriser og vanskelege situasjonar i sitt heimemiljø eller fordi eleven har særskilte behov. Ulike situasjonar krev ulike tilpassingar og eventuelt bruk av ulike hjelpeinstansar. Relasjonen som ligg til grunn blir såleis særleg avgjerande i møte med dei utfordrande samtalane, og dannar grunnlaget for den «sosiale kapitalen» ein går inn i samtalen med.

Tekst: førsteamanuensis Randi Myklebust Sølvik

Referansar:
Forskrift til opplæringslova (Lovdata)

Andre korte tekstar og filmar om elevsamtalen:
Jensen, R. & Leirvik, C.H. (2015). Elevsamtalen, læringsdialog og vurdering. Oslo: Gyldendal akademisk.

Limstrand, K. (red) (2010). Elevsamtalen. En metodebok for lærere. PEDLEX Norsk skoleinformasjon.
 

Film – døme på bruk av elevkontrakt og elevsamtale i vurderingsarbeidet: Læringskultur og engasjement (Utdanningsdirektoratet)