MENY

Film 2: Den utfordrande samtalen

Tilpassingar av tid og rom kan vera ekstra viktig når samtalen med elevar er utfordrande. Her diskuterer Randi M. Sølvik og Pål Roland formelle og uformelle samtalar mellom elev og lærar.

Sjå videoen i stort format (opnar nytt vindauge)


Refleksjonsspørsmål:
Denne fagsamtalen framhevar tilpassing av rom og tid som sentrale faktorar i utfordrande elevsamtalar. Tenk over dine formaliserte og systematiske elevsamtalar. 

  • Når opplever du at desse samtalane er utfordrande og kvifor?
  • Korleis kan du innafor din skulekvardag og dine rammer leggje til rette for gode elevsamtalar gjennom tilpassingar av til dømes plassering og tidsrom for samtalane?
  • Kva andre tilpassingar kan du gjere i din kvardag for å imøtegå utfordrande samtalar?


Forslag til litteratur:
Börjesson, M. (2013). Motivasjon, mestring og medfølelse. Om å samtale med tenåringer. Oslo: Gyldendal Akademisk.

Lassen, L. og Breilid, N. (2010). Den gode elevsamtalen. Oslo: Gyldendal Akademisk

Løfsnæs, E. (2012). Elevsamtalen som utgangspunkt for tilpasset opplæring. I: Psykologi i kommunen, nr 4, 2012. Fagpressen.

Sølvik, R. (2013). Friluftsliv som sosialt læringslandskap for ungdom i risiko. Eit fenomenologisk-inspirert kasusstudium. (Doktoravhandling, Institutt for Spesialpedagogikk, Det utdanningsvitenskapelige fakultet, Universitetet i Oslo). Oslo: Universitetet i Oslo. Digital utgåve her.