MENY

Foreldresamarbeid i skulen – kva seier loven og forskinga

Skulen utgjer den profesjonelle parten i samarbeidet mellom skule og heim. Dei har ei plikt til å informere, ha dialog med og leggje til rette for at foreldre kan medverke i spørsmål som angår deira born.

Far og datter sitter på gulvet og ser i bok sammen. Foto: iStock. Foreldre sin interesse og involvering i skulen spelar ei viktig rolle for det enkelte barn, men det kan også medverke til at andre born trivast betre og lærer meir gjennom betydninga av trygge og gode læringsmiljø. Foto: iStock.

Samarbeidet mellom skule og heim tek utgangspunkt i at foreldre har eit primæransvar for oppfostring av eigne born. Kunnskapsløftet (2006) understrekar at dette primæransvaret ikkje kan overlatast til skulen, men bør utøvast i samarbeidet mellom skule og heim for å sikre ein heilskap og samanheng i elevane sitt liv. Det blir vidare framheva korleis foreldre utgjer ein viktig del av elevane sitt læringsmiljø.

Foreldresamarbeidet i skulen omfattar både det direkte samarbeidet om den enkelte elev og det gruppebaserte samarbeidet med foreldregrupper i klassar, trinn eller på heile skulen. Det gruppebaserte samarbeidet kan omfatte generelle rutinar og system ved skulestart, foreldremøter og organ som Foreldrerådets arbeidsutval (FAU) og Samarbeidsutvalet (SU).

Eit godt samarbeid mellom heim og skule, der også foreldre har ei aktiv rolle, viser seg positivt for barn og unge på ei rekke skulerelaterte områder. Forsking framhevar forhold knytt til den enkelte elev sitt læringsutbytte, deira arbeidsinnsats og haldningar til utdanning, og deira sosiale kompetanse og trivsel (Epstein m.fl. 2002, Epstein 2005, Fan & Chen 2001, Semke & Sheridan 2011). Foreldre sin interesse og involvering i skulen spelar såleis ei viktig rolle for det enkelte barn, men det kan også medverke til at andre born trivast betre og lærer meir gjennom betydninga av trygge og gode læringsmiljø. Eit godt samarbeid mellom skule og heim bidreg vidare til at både foreldre og lærarar får innsikt i områder som angår eleven og undervisninga, og at foreldre utviklar ei meir positiv innstilling til skulen.

Skulen utgjer den profesjonelle parten i samarbeidet mellom skule og heim. Dei har ei plikt til å informere, ha dialog med og leggje til rette for at foreldre kan medverke i spørsmål som angår deira born. I denne samanheng er læraren sin profesjonelle og personlege kompetanse avgjerande, saman med skulen sin kultur, system og rutinar for foreldresamarbeid. Westergård (2013) peikar på eit gap mellom nasjonale mål for lærarkompetanse på foreldresamarbeid og nivået på den faktiske kompetansen i lærargruppa, hjå rektor og blant den enkelte lærarar. Det føreligg såleis eit potensial når det gjeld å utvikle standardar for foreldresamarbeidet i skulen gjennom til dømes rutinar, faste møter og kompetanseheving.

Tekst: Randi M. Sølvik

 

Referansar

Epstein, J.L. (2005). School-initiated family and community partnerships. In: Erb, T. (Ed). This we believe in action: Implementing successful middle level schools. Westerwille, OH: National Middle School Association.

Epstein, J.L., Sanders, M.G., Simon, B.S., Salinas, K.C., Jansorn, N.R. & Van Vooris, F.L. (2002). School, community, and community partnerships: Your handbook for action. Thousand Oaks, CA: Corin Press.

Fan, X.T. & Chen, M. (2001). Parental involvement and students´ academic achievement: A metaanalysis. Educational Psychology Review, 13, 1–22.

Semke, C.A. & Sheridan, S.M. (2011). Family-school connections in rural educational settings: A systemic review of the empirical literature. Lincoln: National Center for Research on Education.

Westergård, E. (2013). Teacher Competencies and Parental Cooperation. International Journal about Parents in Education. Vol. 7, No. 2, 91-99

 

Tips til vidare lesing på temaet

Lassen, L.M. & Breilid, N. (2012). Foreldresamarbeid i praksis. Et verktøy for foreldre, lærere og elever for å skape utviklingsfremmende prosesser. Oslo: Fagbokforlaget.

Nordahl, T. (2015). Hjem og skole. Hvordan etablere et samarbeid til elevenes beste? Oslo: Universitetsforlaget.

Nordahl, T. & Drugli, (2016). Forskningsartikkel: Samarbeidet mellom hjem og skole. En oppsummering av aktuell kunnskap om hva som skaper et godt samarbeid mellom hjem og skole.